mandag 20. april 2009

Valledialekt

Maten er ikkje så viktig når ein fyrst blir mett og har noko mat, men om ein blir svolten og ikkje har mat, er det viktigaste i verden. Nå går me til min butikk kor me kan velje frå dei stappfulle hyllane, men dei fleste tenkjer vel mindre på kven som skaffar maten, og kva som krevjast av arbeid og anna innsats. Men me skal ikkje så langt tilbake i tid før alle måtte skaffe maten sin sjølv, i alle fall på bygda. Og da var hausten avgjerande for den lange vinteren. Kveldsmaten var brød og graut, grut og brød. Men til jula måtte me ha noko godt, noko spesielt. Og det var mange som reiste til fjells etter julefisk om dei ikkje har vori i bekken å fanga fisk ennå da. Julefisken skal helst vere stor og raud og vere frå høgfjellet. Før jul har folk god tid og kan vere borte nokon dagar. Husa var kalde og dagane korte, så ein måtte kle seg godt og ta på seg ullteppe og sengeteppe av skinnfellar om nettane. Mens skinnet frå elda flakka på dei lafta veggane, fulle av namn, ble det fortalt mange historier i dei lange kveldane.

Bildet: CC-lisensiert av Catiekida på Flickr

Ingen kommentarer: