mandag 27. april 2009

Måltrekk ved Valledialekten

Det fyrste eg tenkte da eg høyrde ”Forteljing av Knut K. Homme” var at dialekten ikkje kunne være frå ein av dei store byane. Men kva eg høyrer er jo ikkje nok. Me må sjå på måltrekka. Det eg høyrer fortast er at det blir brukt tungespiss-r, altså er me ikkje i indre Agder, rundt Stavanger, Bergen eller Hardangerfjorden. Eg høyrar så at det ikkje er noko palatalisering, slik at området mitt blir snevra inn til å gjelde ca frå Hardangerfjorden og sør, samt indre Finnmark og aust Finnmark. Det som avgrensar området drastisk er når me ser på ”ll”. I teksten ser me at det står/ han seier ” åkkå mat'e ó' stappfudde hyllu”, altså stappfudde og ikkje stappfulle. Dette er noko me berre finner i Vest Telemark og Setesdal. Sørlige deler av Setesdal har der i mot blitt tatt bort fordi dei der bruker skarre-r. Eit anna trekk ved Valledialekten er at dei bruker –kv i staden for –hv, for eksempel seier dei kverr i staden for ”hver” som vi ville ha gjort på Austlandet.

Ingen kommentarer: